![]() |
Johnny Depp som Alice |
Alice er på ingen måte redd når ho kjem til landet, ho er tvert imot svært nysgjerrig (kanskje på ein litt barnsleg måte?) på dei nye figurane og landet. Robinsons første møte med øya er prega av frykt og redsle og kanskje er han også litt ulykkeleg etter å ha mista mannskapet på båten han forliste med. Men etterkvart blir også han litt nysgjerrig på øya, kanskje ikkje på den same "barnslege måten som Alice" men han drar på fleire utforsknings-turar. Den største forskjellen på dei to personane må være korleis Alice er veldig uredd og kanskje litt naiv mens Robinson Crusoe på si side er veldig forsiktig og tar store sikkerheitstiltak før han gjer seg ut på noko.
Robinson Crusoe møter ingen personar når han kjem til øya og beskriv derfor landskapet i øya når han begynner å få oversikt, Alice derimot fokuserar meir på korta og beskriv dei i detalj.
Utover dette er tekstane litt for korte til at eg kan sei så mykje meir. Ein del av det eg har fortalt er beskrivne ut frå det eg huska frå da eg leste Robinson Crusoe i mi ungdomstid fordi utdraget i norskboka mi var litt for kort.
Peace out.